Når Menneskesonen kjem

Når Jesus vender tilbake, skal det vere som på påskedagen. Somme vil hevde at han finst berre i disiplane sin fantasi. Andre vil sjå, høyre, snakke med, ete ilag med, gå tur med og tru.

Slik er også Guds rike: «Usynligt vel som sjel og sinn / det nemt dog er å kjenne.» Usynleg for alle, men synleg for dei som trur. Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande, seier apostelen.

I levande live var Jesus den fornedra som vart forakta. Berre i glimt avslørte han seg.

Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom. Og avsløre at det vi gjorde i det synlege, får konsekvensar i det usynlege. Til sjokk for alle. Til glede for somme.

Vel møtt i kyrkja på sundag kl 11.
Les gjerne Luk 17,20-30.

Leave a Reply

Your email address will not be published.