Mirakel og mysterium

Kristus er brudgomen som gir bruda si både medgift og morgongåve. Medgifta er at Han sjølv vert menneske og eitt med dei han skal vere brudgom for. Morgongåva er at Han ofrar seg sjølv for å frelse bruda si og gje henne evig liv.

I Kana vart kjøkemeisteren og tenarane vitne til eit mirakel. Men for Maria og disiplane gjorde Jesus eit mysterium. Dei fekk sjå herlegdom.

Mysteriet skjer i vatnet som vert forvandla til noko nytt og betre. Vin er kultivert vatn, ein peikepinn mot det som er høgare enn jorda.

Når Guds Son vert menneske, skjer det same. Menneskenaturen vert forvandla til sitt himmelske nivå. Denne Jesus inviterer oss til det heilage bryllaupet: «Vil du leve med meg og tru på meg og vere trufast mot meg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss åt?»

Dette handlar messa om på sundag. Vel møtt i St Olav kyrkje kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.