Mikkelsmess

“Englane deira ser alltid min himmelske Fars åsyn,” seier Jesus om Herrens små born. Dei vert verna av verneenglane sine. Dette er evangeliet for Mikkelsmess, minnedagen for erkeengelen Mikael, som vi feirar til helga.
Mikael fører kampen i himmelen mot satan og hans allierte. Om vi no trur eller ikkje trur på slike “myter”, så er vondskapen rundt oss og i oss inga myte. Den er endå fårlegare enn “mytene”. Ingen går fri åtaket som trugar livet, korkje stor eller liten. Spørsmålet dreier seg om å finne vern og fast grunn så vi kan ta kampen.
Vi treng å ikle oss Guds rustning til forsvar og spele på lag med Mikael og hans hær.
Jesus skjerpar tonen mot dei mektige når han vernar dei små: “Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.”
Dette er ein god bodskap óg for dei store. Les Matt 18,1-10

Vel møtt til messe på Betania i Stryn laurdag 28. sept kl.14.

Leave a Reply

Your email address will not be published.