Messe med biskop Roald Nikolai

Sundag 14. januar deltek biskop Roald Nikolai i messa i St Olav kyrkje. Han har bispevisitas i St Olav denne helg, og på sundagen feirar vi 2. sundag etter epifania, med Luk 2,42-52 som evangelietekst.

“Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min,” er replikken 12-åringen Jesus parerer mor Maria si anklage med. Barndoms- og ungdomsåra i Jesu liv er langt på veg løynde år som har gitt høve til mykje spekulasjon. Viktigast er nok kyrkjefaderen Ireneus’s ord og at Jesus levde som barn for å vere Frelsar for alle born, som tenåring for å kunne frelse tenåringar og som vaksen og gamal for å kunne vere deira Frelsar.

Men ‘home base’ for han er i Guds tempel. Dermed gir han ein viktig retningsvisar også for oss og våre liv. Visste ikkje du at du treng å vera i huset åt din himmelske Far? Han er der for å møte deg.

Leave a Reply

Your email address will not be published.