Meritter som frelsesveg?

Denne søndagen heiter 18. søndag etter pinse og har audmjukskap som tema. Jesus blir spurd om det er få som blir frelste. Dei får ikkje vite noko tal, men ein instruksjon: Sjå til at du sjølv lever opp til den audmjukskapen som skal til, for Guds rike er annleis. Det er eit nåderike. Her frelser ingen merittliste, berre nåden.  Difor er det barn som blir frelste. Barnet har lite av meritter å vise til, og nettopp difor kan Gud frelse det.

Vel møtt til messe søndag 4. oktober kl. 11.00. Celebrant er fr. Olav Paulinus Øien

Leave a Reply

Your email address will not be published.