Med krossmerket mot påske

Oskeonsdag innleier fastetida med ei påminning om døden. Oske er dødens teikn. Men krossmerket i panna er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen.

Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt. 

Difor må våre liv fyllast med meir enn brød og sirkus. Vi held faste for å lære kven vi høyrer til og at vi lever av brød, men ikkje brød åleine.

Somme vel å halde seg frå sjokolade og dessert i fastetida, andre vel bort kjøt og kino. Men fastetida har tre grunnpillarar: Bøn, faste og almisser.

Det handlar om messefeiring, bønetider, tid til Gud, gåver til trengande, ettertanke, oppgjer med det andre som brukar meg, styrer meg og stel meg. «For der skatten din er, der vil hjarta ditt óg vere.»

Vel møtt til messefeiring onsdag kl. 18 i St Olav kyrkje.

Leave a Reply

Your email address will not be published.