Marimesse om hausten

Sundag 8. september feirar vi den gamle helgedagen for jomfru Marias fødsel.
Odda-frontalet frå 1300-talet framstiller scener frå Marias liv, nedst til høgre hennar fødsel.

“Heilage Gud, du let den sæle Maria møy fødast for at frelsa skulle koma til oss syndige menneske; gjev oss å æra henne og få del i den glede og fred du har i vente for dine born, ved Jesus Kristus, vår Herre, som med deg, Fader, og Heilaganden lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.”

Vel møtt til messe i St Olav sundag kl. 11. Les gjerne evangeliet for dagen: Matt 1,1-16.

Leave a Reply

Your email address will not be published.