Marias innsomning

Sæl er den velsigna moder / som deg under hjarta bar!

Slik syng Elias Blix om Maria, ho som dei truande til alle tider prisar sæl.

Utan henne ikkje noko Jesusbarn fødd som menneske. Og utan inkarnasjonen inga frelse for syndarar.

15. august er den årlege minnedagen for Marias innsomning. Det vil vi feire komande sundag. Slik Maria tok imot Jesus og var med Han gjennom heile livet, har Jesus teke imot henne i himmelen for å vere med henne gjennom heile æva. Ho har fått den plassen Gud har gjort istand for henne, slik vi ein dag vonar å få vår.

«Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo så de kan skjøna kva det er for ei von Han har kalla dykk til,» skriv apostelen (Ef 1,18).

Vel møtt i kyrkja på sundag kl 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.