Maria, Guds mor

Gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn. Ikkje minst hovuddogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste vranglæra i den kristne kyrkja var nettopp fornekting av at Gud verkeleg vart ein av oss. “Too good to be true.”

Under eksotiske namn har evangeliet blitt redusert til symbol, poesi, metafor, litteratur, nostalgi.

Guds mor Maria er vårt beste vern mot vranglæra. Ho bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Når Maria ikkje er ‘outspoken’, høgrøysta eller pågåande, er det ikkje fordi ho er beskjeden. Men kreftene hennar, både kroppsleg og sjeleleg, er innstilte på å lytte etter lyden av Gud.

4. sundag i advent. Vel møtt til høgmesse sundag 20. des kl. 11.

Ver helsa, Maria, full av nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
bed for oss syndarar
no og i vår døds time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.