LIVSTOG OG DØDSTOG

Kvar dag møtest dødsens tog med livsens tog, slik dei gjorde i byporten i Nain ein dag for to tusen år sidan.

Eit grav-fylgje møter Jesus-fylgjet på landevegen. Eitt på veg ut av byen, eitt på veg inn. Eitt med tårefulle auge. Eitt med glimt i auga.

Jesus var sjølv son til ei kvinne som skulle bli barnlaus ein dag. I miskunn bøyer han seg ned til den barnlause enkja. Men Jesus er også er Guds Son og dødens Herre.

Vi har sektningar i landsbyen Nain. Det ventar oss eit gravfylgje. Men enkjesonen er vårt næraste ikon, han som fekk det dødsovervinnande livet i gåve.

«Eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han stå fram på molda.»

Vel møtt til messe sundag kl. 18.00

 

(Bilete frå katedralen i Monreale)

Leave a Reply

Your email address will not be published.