Livsens brød

Gud skapte verda og gav henne til mennesket som mat. Vi er så nær knytte saman med skaparverket, at vi skulle vere dei fyrste livsvernarar, miljøaktivistar, naturelskarar, fiskeforvaltarar, dyrevernarar, innsektsvernarar og ’you name it’.

Både mennesket i Paradis og Jesus i øydemarka vart freista til å gjere seg avhengige av brødet åleine. I Paradiset fall mennesket for freistinga og vil bestemme sjølv kva som skal etast. Ved brød åleine vil mennesket gjere seg uavhengig av Gud, men vart istaden slave av det skapte som må døy for å bli til liv.

Jesus i øydemarka vinn over slaveriet under brød åleine, og gjeninnsette Guds opphavlege meining: at livet er ei gåve frå Gud og berre Han kan redde forbrukaren som sjølv vert forbrukt.

Jesus gjer brødunderet og lærer folket denne leksa. Og på skirtorsdag gir Han dei brødet  frå himmelen som er det frie livet for menneska.

Det er midtfastesundag, brødsundagen. Les Joh 6,1-15. Vel møtt i kyrkja kl. 11.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.