Liturgiens ånd

Den kristne kyrkja sin puls slår i gudstenesta. Dei truande har arva bønene dei brukar. Mødre lærer borna sine å be. Rabbiar gav folket bøner, slik Jesus gjorde: «Slik skal de be».

Kvelden før han vart arrestert ‘tok han brødet, bad takkebøna, velsigna, braut det og gav dei’. Jesus autoriserte liturgi og bad dei halde seg til det mønsteret han grunnla. Kyrkja har teke imot desse heilage handlingane, teke vare på dei og overgjeve dei frå generasjon til generasjon.

Vi lever i ei tid då ord blir devaluerte. Dogmer er blitt utvatna og det mystiske forsømt. Det har skapt lengt hos mange etter substans og liv. Ei sunn kyrkje må gje folket mat til livet. Og dei må lærast opp til å elske bøna i tråd med liturgiens eiga ånd.

Den norske kyrkja har gitt frislepp for den lokale liturgiske fantasien. Slike liturgi-snekrings-tider skal ein vakte vel på. Er det plass for liturgiens ånd, kan det kome noko godt ut av dei. Elles kan den pågåande revisjonen ende i bøneformer som fenger ei stund men snart fell tilbake i likesæla si grå keisemd.

Namnet Isak tyder ‘han som ler’. Jødisk tradisjon fortel korleis Isak då han skrik i dødsangst under ofringa på Moria, ser himmelen open, ser dei usynlege mysteria og den himmelske engleskaren. På denne staden, Moria-fjellet, bygde jødane templet. Her startar gudsteneste-tradisjonen, med det himmelske synet Isak fekk då han låg bunden til altaret.

Isak såg løysinga som skapte den kristne kulten: det stadfortredande offeret, lammet som vert ofra i hans stad. Synet av lammet gav Isak tilbake latteren han hadde mist då han forstod at han var under dødsdomen. Joh 16:20.

Denne gleda er sentrum i liturgien og har skapt dei liturgiske tradisjonane vi har arva. Dette Lammet såg dei tolv som var samla då Herren tok brødet, takka, braut det og gav dei. Gleda deira var ei bryllups-glede, og synet var visjonen av det heilage bryllupet. Den liturgiske latteren veks ut av denne visjonen.

Same synet såg Johannes apostelen på Patmos (Opb 5:6.13). Himmelen opna seg for liturgien med Lammet i sentrum. Dette synet gir mennesket tilbake latteren som vert til skaparverkets lovprising.

Eit ekko går gjennom alle århundre, gjennom heile skaparverket. Utan trua på dette ekkoet, døyr mennesket sin latter. Alt vert depresjon og død. Inntil mennesket får auge på Lammet. Den latteren er den kristne liturgiens ånd:

«Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår
æren og prisen i evighet får!
Amen, halleluja! Amen!»

Leave a Reply

Your email address will not be published.