Leveregel

Alt liv treng rytme og form. Sameleis med det åndelege. Klostersamfunn har i århundre visst dette. Også kristne med arbeidsliv og familieliv treng det.
Somme vi kjenner har funne at dette er ein leveregel det er muleg å leve opp til:
Dagleg:
Be fast morgon- og kveldsbøn.
Ta ei stille stund for meditasjon med kjærleg tilbakeblikk på dagen.

Kvar veke:
Messefeiring minst kvar sundag.
Ta ei stille tid til meditasjon med kjærleg ettertanke på siste og neste veke.

Månadleg:
Vel ein stille kveld/ettermiddag/dag.
Inviter nokon heim til eit måltid.

Årleg:
Lev i rytma i kyrkjeåret.
Gå til skriftemål minst ein – to gongar.
Retrett minst tre dagar.

Ansvarlege daglege val:
I kvardagen gjere medvitne val knytte til venskap, fellesskap, tid, pengar, media, forbruk og miljø.
Søkje råd hos din sjelesørgjar/skriftefar.

Liv i fellesskap:
Hald deg til fellesskapen i kyrkjelyden din.
Be for kvarandre.
Inspirer kvarandre til å praktisere leveregelen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.