“KYRIE ELEISON!”

Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss. Men vegen til han er hard, men ikkje vanskeleg.

«Ei kvinne frå desse bygdene» ropa etter Jesus. Dotter hennar var utsett for ei plageånd. Det kunne vore ei av våre bygder. Ho fekk ein tøff bøneskule. Som patriarken Jakob som måtte i brytekamp for å vinne velsigninga.

Somme vil surfe til Gud. Det vert ikkje helging utan åndelege brytekampar.

Gud er verjelaus i møte med den som klyngar seg til han slik Jakob og denne kvinna. Truskampen gjer henne til ei mor i Guds rike, mor for alle som har ropt igjen og igjen utan å få svar. Visdomen hennar er dyrekjøpt, men verdifull. Og trua hennar var stor.

Les Matt 15,21-28. Velkomen til messe sundag kl. 11. 

Leave a Reply

Your email address will not be published.