Kyrie eleison

Vegen til Gud er hard, men ikkje vanskeleg. Og «alt er muleg for den som trur» om vi skal tru Jesus. Faren til guten med ei mållaus ånd sukka til Jesus: «Eg trur, hjelp mi vantru!» Meir skulle ikkje til.

Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss.

Somme vil surfe til Gud. Det vert ikkje helging utan åndelege brytekampar. Gud er verjelaus i møte med dei som klyngar seg til han som denne faren. Han er far til alle som ropar igjen og igjen og som trur midt imellom dei vantru.

Les Markus 9,14-32. Velkomen til messe sundag kl. 11.

DENNE MESSA ER AVLYST GRUNNA CORONA-SMITTEFAREN.

Leave a Reply

Your email address will not be published.