Kyndelsmess

Primstavmerket for 2. febr er ein trearma lysestake, ein kandelaber (latin candela=lys). Denne dagen velsignar ein kjertelys i kyrkja og  be slike lys i prosesjon inn i kyrkja til minne om den heilage familien sitt tempelbesøk 40 dagar etter Jesu fødsel.

Moselova hadde pålegg om reinsing 40 dagar etter fødselsen. Dagen ber difor også namnet “Marias kyrkjegong” eller “Jomfru Marias reinsingsdag”.

Den gamle Simeon som fekk oppleve dette, visste han no kunne fare herifrå i fred. Han kjende verda. Han visste at hatet finst enno der. Han kjende menneska og visste at mange ville snu ryggen til Jesus. Han kjende Messias-profetiane og visste at Jesus måtte lide og døy. Han visste at døden skal slå ned i alle familiar på jorda. Han kjende, kort sagt, menneskelivet sine vilkår på jorda.

Men han visste meir: At denne Jesus er Herre ikkje berre over livet, men også over døden. Han skal vandre dødsskuggedalen så Han kan leie oss trygt gjennom den. Der er ein Langfredag i livet, men etter den er der også ein påskedag.

Midt i nattens mørke blinker / som et fyrlys Jesu navn
og hver hjelpløs seiler vinker /  inn til frelsens trygge havn.
Og når solen mer ei skinner / Jesus-navnet lyser enn.

Vel møtt til messe i kyrkja fredag kl. 18.00.

Leave a Reply

Your email address will not be published.