Kyndelsmess

Før i tida tende folk eit kyndelsmess-lys ved senga til udøypte born heilt til dåpsdagen. Lyset som hadde ført israelittane gjennom øydemarka og som leidde vismennene til Jesusbarnet, var kome til templet i Jerusalem.

Den gamle Simeon hadde nok vore redd for å døy, men får møte “Lyset for verda”. Lukkeleg seier han Herre,  no let du tenaren din fare herifrå i fred, for augo mine har sett di frelse.” Denne Simeons bøn har vorte ei av dei kjæraste kveldsbønene.

Simeon visste at i verda vil hatet enno finnast. At menneska vil snu ryggen til Jesus. At døden skal slå ned i alle familiar. Men han visste at denne Jesus er Herre ikkje berre over livet, men også over døden. Der er ein dødsskuggedal i alle menneskeliv. Men for dei som har sett lyset, er der også ein påskedag.

Min Jesus, sannings stjerna / lys opp min mørke veg! / Mitt hjarta vil så gjerna / få fylgja etter deg. / Du lyser enn i verdi / som før frå Betlehem. /  Ver du mitt ljos på ferdi / til heim med deg eg kjem.

Vel møtt til Kyndelsmess-feiring i St Olav kyrkje sundag 3. febr kl. 11. Biskop Roald Nikolai Flemestad deltek.

Leave a Reply

Your email address will not be published.