Kvinna frå Sykar

Menneske lengtar og tyrstar.  Det er tyrsten etter meining som kan gje livet samanheng og mål. Det er tyrsten etter tilgjeving, så både kropp og sjel kan bli sette fri og verte friske. Og det er tyrsten etter eit verdig liv. Mennesket er skap til å leve oppreist, verdig og evig.

Den heilage Augustin skriv at “Gud tyrstar etter at vi skal tyrste etter Han.” Fullverdig vert menneskelivet fyrst når mennesket ser sitt utgangspunkt og sitt mål i Gud Skaparen sin. Mennesket er skapt til å vere ein liten gud. Lite ringare enn englane, seier salmisten. Berre Gud kan matche mennesket, kan stille tyrsten i mennesket.

Kanskje må vi gjennom ei krise, både personleg og kulturelt og samfunnsmessig, for å våge å innrøme det. Kvinna frå Sykar blei konfrontert med alt som var usant og uheilt i livet hennar: ”Der snakka du sant,” krediterer Jesus henne.

Slik vart ho eit vitne som fekk vendt heile byen sin lengt til Jesus.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11

Leave a Reply

Your email address will not be published.