Kvifor vart Gud menneske?

Kvifor vart Gud menneske? Eller sagt på ein annan måte: Kvifor feirar vi jul?
Julefeiring var frå starten av ikkje noko sjølsagt. På 500-talet vart det utkjempa gateslagsmål i Konstantinopel for og imot det å feire jul.
«Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova,» skriv apostelen Paulus til galatarane (Gal 4:4).

I Jesu ættetavle i fyrste kapitlet i NT er nemnd fire kvinner i dei 14 x 3 ættledda som vert ramsa opp her. Og kvar gong ei kvinne vert lista opp, er språkbruken særeigen: preposisjonen ‘ex’. Jesus vert fødd ‘ex Maria’, dvs. ‘av’. Det er ikkje ein mann som får barn ‘med Maria’. Men barnet vert fødd ‘av Maria’. Sameleis er barnet ‘ex Heilaganden’ (Matt 1:20). Kyrkjefaderen Augustin skriv at Jesus har to fødslar, den fyrste utan mor, den andre utan far. I trus-vedkjenninga har vi uttrykket at Jesus er ‘fødd av Faderen før alle tider’ (utan mor), og ‘fødd av Maria møy’ (utan far).

Denne vanskelege sanninga vart opphav til lang tids strid i oldkyrkja. Mot kvarandre stod m.a. biskopane Nestorius og Athanasius. Og dei stridande partia tok til tider striden heilt ut i gatene. Nestorius ville kalla Maria ‘Kristusføderske’. Jesus har rettnok to naturar, ein menneskeleg og ein guddomeleg. Og det er Jesu høge etiske personlegdom som er limet som held desse to ihop. Jesus arbeider seg først etter kvart fram til sin guddoms-status. Difor er det urimeleg og uråd å feire Jesu fødsel. 

Athanasius skreiv at ‘om ikkje Jesus er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske, kan han ikkje frelse meg.’ Han ville kalle Maria ‘gudføderske’, noko konsila slutta seg til. Heilt frå fødselen var han både menneske og Gud. Det tok korkje månader eller år før det vart ein faktum. På konsilet i Kalkedon 451 samla dei seg om læra at Jesus har to naturar som er utan samanblanding og utan åtskiljing. Det er uråd å seie når han framstår som det eine eller som det andre. Så Maria møy fødde Gud.

Dette er det julefeiringa handlar om. Vi feirer jul for å fasthalde at Marias barn var Guds son.

«Han sjølv, som er Guds eige Ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.»

Leave a Reply

Your email address will not be published.