Kvardagskristendom

Kvardagen er komen til Jesu disiplar: Fiskeri på Genesaretsjøen. Det er i kvardagar kristentrua skal overleve. Som Orheim skriv om å «… spreia festglans kring det kvardagsgrå.» Kvardagskristendom er noko heilagt. 

Denne sundagen er vi ved kjerna i  det som helgar kvardagar. Den truande er ein som ser noko ikkje alle ser.  Som Johannes ombord i fiskebåten. Han såg med trua sine auge at Herren var komen til dei.

Gud meinte oss til å sjå. Han som skapte alt det vakre rundt oss, skapte utsikt frå fjelltoppar og under i mikrokosmos. «Det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut.» Jesus seier at han er usynleg tilstades mellom dei som samlast i hans namn. Den usynlege er midt imellom dei og helgar kvardagar, gjer dei sterke i motgang, viser dei vegen og held motet deira oppe.

Vel møtt i kyrkja på sundag. Messa startar kl. 18.00.

Leave a Reply

Your email address will not be published.