Kroppsspråk i kyrkja

Kyrkja er Guds hus og difor ein heilagstad. Det sømer det seg å vere medviten om. Her kan vi be stilt og med ord og med kropp. Kroppspråk kan som kjent seie meir enn ord. Dette er ei god øving ikkje minst i fastetida. Her er ei kort innføring med nokre råd:

1. I denne kyrkja vert Herrens lekam teken vare på i tabernaklet ved den raude lampen. Ein god skikk er å knele vend mot alteret og tabernaklet straks du kjem inn i kyrkja og når du går. Slik ærar du Herrens nærvere.

2. Å teikne seg sjøl med krossmerket, er ei påminning om kva Jesus har gjort for oss. Eit godt råd er å gjere krossteiknet
a – ved inngangsdøra, dyppe fingeren i dåpsvatnet og teikne krossmerket på panna di til minne om at du er døypt,
b – ved starten av gudstenesta når presten seier «I namnet åt Faderen, Sonen og Heilaganden».
c – ved starten på evangelielesinga, på panna, munnen og hjartet,
d – ved orda «velsigna vere Han som kjem» i songen ‘heilag, heilag…‘ før nattverdbøna,
e – ved nattverdutdelinga før du tek imot Jesu lekam og blod,
f – under den avsluttande velsigninga.

3. Bøye seg djupt gjer ein berre for dei av høg rang. Difor bøyer vi oss for Gud. I kyrkja gjer vi det
– når vi går fram for altaret, som er Herrens kongsstol.
– ved inkarnasjonsorda i trusvedkjenninga (markert med kursiv i agenden)
– ved innstiftingsorda i nattverdbøna

4. Å bruke kneleskammelen i kyrkjebenken er ein gamal skikk og ein god vane:
– å innleie og avslutte messa i stille bøn på kne.
– å knele under heile eller delar av nattverdbøna, anten frå Sanctus-leddet (‘heilag, heilag …’) til etter Agnus Dei (‘Du Guds Lam’), eller berre under Agnus Dei.

Slik kan vi med kroppen gjennom kneling, korsing og bøying gjere det vi med hjartet trur og det vi med munnen vedkjenner.

Leave a Reply

Your email address will not be published.