Kristus i Egypt

Ein flyktning-familie frå Betlehem kom til Egypt og fekk opphaldsløyve. Idag er Egypt eit land der det er vanskeleg å vere kristen. Men det spelar ei viktig rolle i Guds frelsesplan.

Dei mektige var ute etter Josef og Maria. Og i deira fotspor måtte mange lide.

I Guds planar er ingen garantiar mot liding. Guds veg er knapt utan motbakkar eller frostnetter. Då treng vi auge som ser Guds plan gjennom det vonde som menneske kan stelle istand.

Liding har blitt vanskelegare å fatte for oss etter som vi er herre over så mykje liding. Fredsbevarande styrkar, smerte-spesialistar og pillar som skal døyve det meste. Likevel må, idag som på Jobs og Jesusbarnets tid, mange uskuldige lide.
Dette kjem i fokus denne sundagen.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.