Kristmesse: Maria og Jesus

Maria, Guds mor, og Jesus, Guds Son.

Når 4. sundag i advent fell på julaftan, møtest Marias lovsong med juleevangeliet.
Det ho har blitt lova, går i oppfylling. Gud held ord gjennom Ordet.

Og når dei Guds storverk som Maria lovsyng,
når sitt klimaks med dei jødiske gjetarane og kongane frå folkeslaga som vitne i stallen i Betlehem,
får det heile si kosmiske tolking gjennom Johannes sitt juleevangelium. Det vert forkynt juledagen.

Det tilsynelatande kvardagslege viser seg å vere ledd i ein æveleg plan.
Han som handla i opphavet, vender attende til sitt falne skaparverk og tek bustad mellom sine syskjen,
og heile verda vert omkransa av nåde og sanning.

Vel møtt i kyrkja både 4. sundag i advent (kl. 11) og juledag (kl. 12).
Eller for å seie det på engelsk: Kristmesse.

Leave a Reply

Your email address will not be published.