Kjærleikens arbeidslag

Det er vår og det er påsketid.  Våren er kjær-leiken si tid. Medan bonden gjer  sesongarbeid på åkeren, leikar alt levande den leiken som trengs for at livet skal gå vidare. Brunsttid, orreleik, dating, forelsking – der er mange ord for det.
Slik også med bonden si våronn. Han må leike med livet for at det skal formere seg og gi mat til dei levande.

Jesus er inne på denne leiken i tekstane for denne søndagen. Me vert verande i Gud når me vert verande i Hans kjær-leik. I fellesskapen, i samfunnet, samhaldet, samansmeltinga med Han. Vi er utvaldet il å vere Guds vener som gjer det Han byd oss og slik ber den frukta Han skaper. Den frukta varer evig.

Til kjærleiken høyrer også ein vakker samanheng, ein orden. Bonden må fylgje naturen sin orden. Slik er det med all kjær-leik. Han er ikkje eit tomt omgrep me kan fylle som det passar oss. Jesus seier at kjærleiken viser seg i lydnad mot Hans bod, i Hans kjærleiksorden. “De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.”

Dett er tema for messa på fk sundag 6. mai kl. 11 i St Olav kyrkje. Vel møtt.

Leave a Reply

Your email address will not be published.