Jul i St Olav kyrkje

Maria, Guds mor
4. sundag i advent
Messe i St Olav, 23/12 kl. 11

Gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn. Ikkje minst hovuddogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste vranglæra i den kristne kyrkja var nettopp fornekting av at Gud verkeleg vart ein av oss. “Too good to be true.”

Under eksotiske namn har evangeliet blitt redusert til symbol, poesi,  metafor, litteratur, nostalgi.

Guds mor Maria er vårt beste vern mot vranglæra. Ho bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Når Maria ikkje er ‘outspoken’, høgrøysta eller pågåande, er det ikkje fordi ho er beskjeden. Men kreftene hennar, både kroppsleg og sjeleleg, er innstilte på å lytte etter lyden av Gud.

 

Herrens fødselsfest
Juledag
Messe i St Olav 25/12 kl. 12

Ordet frå alle æver vart fødd i Betlehem. Gud sjølv. Livet og ljoset. Som oppsøkjer menneska “lost in space”. Han fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til næraste familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar dei arvelause.

Ingen grunn til å vente til langfredag med å finne ut at Gud elskar oss. Det er lenger avstand mellom himmelen og Betlehem, enn mellom Betlehem og Golgata. Julenatta er sterkaste beviset på kven Gud er og kva formål Han har for oss.

Vegen til Betlehem endar for oss ved altarbordet, som er Kristi krubbe. Altarduken er sveipet han vart tulla inn i. ‘Kom la oss gå med stille sinn / som hyrdene til barnet inn.’ Invitasjonen står ved lag når Han gir oss sin heilage lekam og sitt dyre blod. 

 

Flyktningebarnet
Sundag i juletida
Messe i Betania, Stryn, laurdag 29/12 kl. 14

I mørkret vart Jesusbarnet fødd. Mørkt då gjætarane banka på. Vismennene måtte snike seg heim att i ly av
natta. Mørkets fyrste Herodes stod Jesusbarnet etter livet. Slik er livet stadig for dei kristne i Egypt.
Men Gud går uventa fram for å berge sine planar. Vismennene og Josef fekk draumar. 

Stadig talar Gud gjennom hendingar, opplevingar, møte med menneske, lytting, studier og ettertanke. I eit truande og bedande hjarte kan slike innspel frå Gud bli til openberringar av Guds vilje.

Kva tenkte Maria då meldingane kom om massakrane i Betlehem? Pga hennar baby. Ho har heilt sikkert bore desse familiane med seg. I deira stad har ho sagt ja til lidingane som kom i hennar veg. Det dei ikkje kunne bere sjølve, var ho med og bar for dei. Og ho har gitt eit forbilde for alle som seinare i historia og i våre dagar går Guds vegar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.