Jonsmesse

Det vi har høyrt, sett og teke på

Der Lukas gjev oss juleevangeliets fakta, gjev Johannes oss den teologiske tolkinga i høgstemte vendingar. Det har gitt han ørna som evangelist-attributt.

I tradisjonen har han med rette fått tilnamnet ’teologen’. Johannesbreva har like fortent gitt han tilnamnet ’kjærleikens apostel’. Og Openberringsboka er profetisk.

Denne mangfaldige mannen, ungdomen som hallar seg inn til Meisterens bryst, yngst av apostlane, den einaste som fekk ein naturleg død i høg alder, har sin minnedag 27. desember. I år feirar vi han fyrstkomande sundag.

Vel møtt til messe i St Olav 3. juledag kl.11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.