I ville Vesten

Dei fyrste kristne sitt fleirkulturelle og -religiøse samfunn var mykje likt vårt Vest-Europa. Men medan dei var ei gruppering i vekst, er vi i stagnasjon.
Så lenge eg var prest i statskyrkja, levde eg fårleg nær tanken på at målet er nådd. At Noreg var vunne for Kristus. Eg trong ikkje gå ut til folk. Kunne sitje og vente på dei. Folk har stort sett vore stolte av å tilhøyre Dnk, utan å vere ‘fanatiske’. Dei har stadig fått små dosar kristendom. Men som vi veit frå medisinen: Små dosar injeksjon immuniserer.

Eg trur vi må lære av dei fyrste kristne. Dei var sterke på identitet og evangelisering. Idag er truslære ikkje på moten. Dogmer fenger lite. Det som funkar i praksis, har forrang. Dette må vi snu på. For sjølv om vi ikkje blir arresterte og drepne, er vi stadig truga av utrydding. Sløv-sinnet veks med velstanden. Dei trufaste kan døy ut. Den utryddinga som då skjer, er meir effektiv enn forfylgjinga romerske keisarar sette i scene.

Vi er ikkje dei fyrste kristne og heller ikkje dei einaste. Evangeliet er ikkje vårt. Det har ikkje dala ned til oss frå himmelen, men er kome gjennom historia. Det er motteke, ikkje utgått frå oss. Faren ved ikkje å innstille seg på dette, er hybris, åndeleg overmot.

Kyrkja stammar frå det som hende ‘i dei dagane’, frå Guds inngrep i historia, frå Ur i Kaldea via Jerusalem til endane åt jorda. Den apostoliske tradisjonen har nådd oss som fire delar:

Bibelsoge. Desse store forteljingane om verda, språket, naturen, menneska og Gud.

Trusvedkjenningane, frå dei korte «Jesus er Herre» til dei omfattande konsilvedtaka.

Liturgien vi har arva både frå synagogen og frå kyrkjefedrane.

Etikken som idag er utfordra av den moderne livsstilen på nye måtar: Mennesket og familielivet, materialismen, individualismen og egoismen utfordrar den bibelske gudsfrykt med nøysemd.

Kyrkja er forsamlinga som har teke imot dette, vernar om det og gir det vidare. Kyrkjelydane er kalla til å vere teikn og motkultur med slike kjennemerke. Kristendom er ikkje eit livssyn, men ein livsstil i ein fellesskap med den levande Gud i den levande Kyrkja.

Vi held på å lære oss å vere minoritet. Dia-sporaen er på mange måtar dei kristne sin normal-situasjon. Å vere pilegrim er å vere spreidd ikring mellom framande (1. Pet 1,1). Vi er utsådde mellom folka.

Folkekyrkjene i Vesten slit idag med å finne seg sjøl. Vår oppgåve er å vere teiknet og mot-kulturen som ansvarleggjer menneske her i landet. Dei som vender seg bort, må få gå i fred. Men dei som søkjer, må få ‘the real thing’. Våre trusfellesskap skal seie ‘dette er vegen. Gå med oss så får du både den næring og den rettleiing du treng for å nå målet’.

Leave a Reply

Your email address will not be published.