I fødselsveane si tid

Vi lever i fødselsveane si tid. «Berre ei lita stund» seier Jesus fem gongar i sundagsteksten. Men det Jesus kalla kort, har vart ganske lenge. Og vi lever og ventar på gjensynet med Meisteren.

1900-talet vert rekna som martyrane sitt århundre. I vår kultur har kristninga gått i revers. Og den beintfram aggresive ateismen fossar fram.

Vi veit av historisk erfaring at det åndelege tomromet etter Lyset si ånd, vert fylt av mørkret. Og mørkrets herre er Kristi fiende.

Då treng vi å kjenne mønsteret Kristus har gitt oss: Nederlag skal det bli. Motstand skal det bli. Smerte og lidingar. Men ikkje noko nederlag skal få siste stikk. Det er berre ei lita stund. Det skal bli sorg og gråt, men ingen skal kunne ta gleda frå oss.

Det kristne synet på framtida er å overgje livet sitt til den trufaste Skaparen og Frelsaren og konsentrere seg om å gjere det gode. Det er også kristen medisin mot mismot.

Vel møtt til messe i Betania, Stryn kl. 12.00

Joh 16,16-22

Leave a Reply

Your email address will not be published.