Helgetorsdag

Kristi Himmelfartsdag lærer oss at himmelen og jorda møtest og heng saman. Somme trur himmelen er
langt der ute. Men vi som bur på kysten, har sett utover havet og veit at himmel og jord møtast verkeleg
og heng i hop.

Himmelriket –   ‘usynlig vel som sjel og sinn,’ seier Grundtvig. ‘Men det er lett å kjenne.’

Det var ikkje Jesu sjel som vart teken opp til himmelen, men kroppen han fekk av mor Maria.

Ingenting tyder på at Jesus vert kvitt sår og arr han fekk på jorda. Han tek det menneskelege med seg  og legg grunnlaget for det vi trur på: «… oppstoda av lekamen og evig liv.»

Det er sagt om kardinal Newman at han preika i denne verda og til denne verda alltid med eitt auge på den neste. Vi lever heller ikkje etter slagordet ‘himmelen kan vente’. Himmelen er vår rette heim. Difor har vi begge beina på jorda og eitt i himmelen.

Vel møtt til messe torsdag kl 11.00.

Leave a Reply

Your email address will not be published.