Heilag veke

Stille veke, seier vi. ‘Holy week’ på engelsk. Tre heilage dagar tett i tett.

I Getsemanehagen har Judas gitt kysset. Ein sømndrukken Peter held handa på sverdet. Snart seier Jesus: “Er det meg de leitar etter,  så lat desse gå.” (Joh 18,8).

Disiplane går fri. Soldatane deler kleda Hans mellom seg. På krossen opnar han famna mot heile verda og seier: Versågod forsyn dokke!

Kroppen spikra til krossen. Viljen spikra til Faderen. Han ber seg sjølv fram  for å forsone oss med Gud, med kvarandre og med oss sjølve. 

Han som har alt, gir alt. Han som ingenting er skuldig nokon, betalar alle si skuld. Han som ikkje krev noko for sin eigen del, deler alt sitt.

Han som heng på krossen langfredag er vår einaste von. “Han vart krossfest for oss, under Pontius Pilatus”.

Skirtorsdag kveld vert fotvaskinga og nattverdinnstiftinga markert. Langfredag krosshylling og påskedagen høgtida for Herrens oppstode. Messe vert ikkje annonsert på vanleg vis, men presten vil vere i kyrkja til messetidene desse dagane. Sjå lista i spalta til høgre.

(Illustrasjonen over er av Magne Viggo Kristiansen)

Leave a Reply

Your email address will not be published.