Guds vitnehær

Jesus introduserer Talsmannen. Når han får rettleie, vert kreftene i denne verda utfordra. Slik lyset alltid avslører og utfordrar mørkret.

Dei som fylgjer Jesus, får merke det. Så total skal forvirringa  bli, at forfylgjarane trur dei gjer Gud ei teneste.

Nett idag er teikna mange på at kulturen vår held på å bli rangsnudd. Det som er galt vert omfamna som rett. Det som er vondt vert rekna som godt. Det stygge vert kalla vakkert. Kulturen har slutta å la seg prege av kristenarven. Jesu ord er «at dei korkje kjenner Faderen eller meg».

Pinse, det er at trua trengjer inn under overflata. Og det må ho dersom vi skal kunne leve og stå fast som kristne i eit samfunn utan dei tradisjonelle haldepunkta og støttepunkta. Vi har grunn til å be «Veni, Sancte Spiritus! “Kom, Heilage Ande, fyll hjarto til dine truande!»

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje kl. 18.00

Leave a Reply

Your email address will not be published.