Gode hyrdingar

Tredje sundag i påsketida. Messe i St Olav kyrkje 15. april kl. 11.

I påskefeiringa vert påskelammet hyrding. Ikkje lenger tale om å sjå den krossfeste, men om å følgje den oppstadne. Jesus levde i eit tillitfulle forhold med sine læresveinar bygd på undervisning, forkynning og fellesskap. Det mønsteret gav han vidare til apostlane, og den kristne kyrkja har til alle tider bygd kyrkjelydar med hyrdingteneste i sentrum.
Hyrdingar må vise i praksis at dei er til å stole på, og dei truande må lære seg å skilje mellom åndene og velge mellom hyrdingane. Det er åndelege krefter i einkvar kultursituasjon som ofte dreg i motsett retning av den gode hyrdingen. Hyrdingane si oppgåve er at ”.. Kristi lekam kan byggjast opp til vi alle når fram til einskap i trua“.
For enno er leigekarane si tid, forførarar som opnar grinda inn til saueflokken. Enno er kyrkjesplittinga og fråfallet si tid. Enno er visjonen av den eine hjord under den eine hyrding berre noko vi kan håpe på.
Men Den gode hyrdingen er på vegen. Å kjenne han att er den store testen.
Han har stemnemøte i kyrkja på sundag. 

Leave a Reply

Your email address will not be published.