Gjer ikkje hjarto dykkar harde!

Jesu forkynning utfordrar alltid til å ta stilling. Eitt alternativ er forherding.

Mellom Jesu næraste læresveinar var både feigingen og forrædaren. Peter prøvde stadig å få Jesus bort frå sin plan og feiga ut då det kosta han noko. Judas stod ved Jesu side heilt til alt etter fornufta såg nyttelaust ut. Då kom forrædaren fram. Andre berre drog seg anonymt attende i møte med Jesu urimelege krav eller guddomelege autoritet. Jesu sambygdingar vart rasande når Jesus hevda at deira privillegier ikkje var sjølvsagde.

Livet som Jesu etterfylgjar er aldri lettvint og vil aldri bli ei reint åndeleg erfaring. Dei gamle alternativa er like aktuelle. Ikkje minst det mennesket og den kulturen som har hatt Jesus på parti heile livet, må kjempe dagleg mot freistingane.

Å ta Jesus for gitt, er  starten på fråfallet. Det kan ende med harde hjarte.

Les Hebr 3,7-19 og Luk 4,23-30.
Forherdinga sin fåre er tema på 11. sundag etter pinse. Meir om strategiar i møte med denne i høgmessa  sundag 5. august. Messa i St Olav kyrkje startar kl. 18

Leave a Reply

Your email address will not be published.