Fr Olav talte i St Olav

IMG_4543
Denne laurdagen i september stod ikonar på dagsorden i St Olav kyrkje. Ei forsamling på omlag 30 fekk ei levande, truverdig og grundig innføring i ikonane si historie og deira bruk. Teologen, kunsthistorikaren og presten fr Olav Lerseth heldt to illustrerte foredrag som vart veldig positivt mottekne.

Ikonane er gitt oss for å skape møte med det og dei heilage. Dei heilage bed for oss og inviterer oss til å be ilag med seg. Desse bileta er difor ikkje å rekne som pedagogiske hjelpemiddel, men som medbedarar.

Ikontradisjonane er mangfaldige. Men for at ein ikon kan reknast som sann og anerkjend, må han vere velsigna av ein prest. Då kan han også vere ein trufast fylgjesvein både heime, i kyrkja, på reiser, på arbeid og alle stadar der truande menneske ferdast og bed.
IMG_4553

Leave a Reply

Your email address will not be published.