Forfengeleg

Forfengeleg rimar på forgjengeleg. Vi som går i butikkar, har vent oss til datostempling. Ting varer ikkje så lenge. Forgjengeleg. Likevel held vi fram. Dette ikkje-varande pregar ein veldig stor del av livet vårt. Ikkje minst i før-julstida. Forfengeleg. Men også forfengelegdom går ut på dato. Det avslører døden.

På flyplassar har vi vent oss til stadig meir nærgåande sjekk med gjennomlysing og kontroll. Tanken har slått meg at snart må vi vel bere med oss heile livet vårt i ein gjennom-siktig plastpose for å kome ombord.

‘Security control’ er ei nyttig påminning om døden. Døden lærer oss kva som let seg medbringe forbi livets siste innsjekkings-skranke.

Det er paradoksalt at di meir vi fyller livet vårt på forfengelegdomen sin marknad, di meir får vi å døy bort ifrå. Alt vi har levd for og med, alt som har gjort namnet vårt stort og kjent, skal forsvinne.

Men om vi lærte oss å verdsetje alle ting i lys av døden, vart det lettare å døy. Den som døyr etterkvart, slepp å døy så hardt.

Apostelen Paulus skriv ein stad at ‘det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig’. Og ein annan stad at det einaste som vert ståande til sist er kjærleiken. Noko å meditere over neste gong du står i innsjekkings-kø på flyplassen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.