Før faste

Det lid mot fastetid, og før-fasta er nyttig til å starte vår omkopling til rette sporet. Fasta som førebuing til påske har mange bibelske førebilete knytt til øydemarka: Israelsfolket si 40 år lange vandring, Mose faste på Sinai, Elias vandring til Horeb og Jesu 40 dagar i øydemarka.

For desse tre faste-førebileta Moses, Elia og Jesus er fastetida også knytt til eit fjell. Dei vert sette på prøve, får eit guddomeleg møte og eit gjennombrot på fjellet. Moses tok imot lova frå Gud på Sinai under fasta (Ex 19). Elia møter Herren i den stille susinga på Horeb (1 Kg 19). Jesus vert oppvarta av englar på Freistinga sitt fjell (Mt 4).

Så møtest desse tre igjen på eit anna fjell, Tabor. Her vert dei omslutta av det himmelske ljoset og Guds herlegdom, og dei to gamaltestamentlege profetane samtalar med Jesus om hans liding og død. På dette fjellet får dei saman sjå inn i framtida og erfare noko av den påska som skulle bli sentrum og mål for all kristen faste-feiring.

Denne tradisjonen får vi gå inn i, og denne fastevandringa får vi gjere. Vi vert også ført fram til eit fjell, Golgata. Her er det fjellet der all gudsteneste og all gudslengt får sitt mål og sitt sentrum. Og her skin det fullkomne ljoset som skulle kome til å gjennomstråle heile verda og dra menneske til alle tider til den reinaste kjærleiken sin offerstad.

Å gjere denne faste-vandringa, er å øve seg til livet som kristenmenneske på jorda. For fastetida er i seg sjølv ei komprimert utgåve av heile vårt jordiske liv. God vandring!

Leave a Reply

Your email address will not be published.