For alle helgenar

«Dog er i Åndens mening Alt her hun Herren nær
Har hellig søt forening Med Herrens venner der.»

Dette er tema for vår Alle helgens dag-feiring. I St Olav kyrkje sundag 4. november kl. 11.

Denne dagen skal vi minnast dei truande vi kjenner. Sjølv om dei ikkje er kjende for all verda. I den himmelske hærskaren er sikkert ansikta til nokon vi kjenner att. Eingong kanskje slitne og rynkete, no strålande av Guds herlegdom.

Helgenar er som salt, seier Jesus. Salt i såret, salt i maten, salt på jorda. Men dei er også som hår i suppa og rusk i maskineriet. Ikkje friksjonsfrie nikkedokker, ikkje blodlause og aggresjonshemma. Men menneske av kjøt og blod. Syndarar eingong, men dei levde i nåden.

Dei er reinsa i Kristi blod. Det gjer forteljinga om dei til ei forteljing om Jesus og vegen til han.

Meir om dette på sundag i kyrkja. Les Matteusev. 5,13-16.

Leave a Reply

Your email address will not be published.