For alle helgenar

«Dog er i Åndens mening / Alt her hun Herren nær /
Har hellig søt forening / Med Herrens venner der.»

Slik er temaet for Helgemessesundag i St Olav kyrkje.

Vi minnast dei truande vi kjenner, dei som ikkje er kjende for all verda. I den himmelske hærskaren er sikkert ansikta til nokon å kjenne att. Eingong kanskje slitne og rynkete, no strålande av Guds herlegdom.

Helgenar er som salt, seier Jesus. Salt i såret, salt i maten, salt på jorda. Men dei er også som hår i suppa og rusk i maskineriet. Ikkje friksjonsfrie nikkedokker, ikkje blodlause og aggresjonshemma. Men menneske av kjøt og blod. Syndarar eingong, men dei levde i nåden.

Dei er reinsa i Kristi blod. Det gjer forteljinga om dei til ei forteljing om Jesus og vegen til han.

Vel møtt på sundag i kyrkja kl. 11. Les Matteusev. 5,13-16.

Leave a Reply

Your email address will not be published.