Folkefrelsar

Advent. Inkarnasjonen vert varsla. At Gud vert menneske. “Fødd av møy i armodsdom.”

Profetane hadde varsla det. Det var Guds plan frå æva. Og det sette merke i menneske-historia. Heilage spor som vi får gå i den dag idag. Guds lovnader vert oppfylte for augo på den som ser. Der menneske gjer som i Nasaret: Held kviledagen heilag, held Guds ord høgt og ventar.

Fattige skal erfare det, fangar høyre det, blinde og trælka sjå det. Der menneske kjenner att dei heilage spora og fylgjer dei, vert det advent igjen.

Vel møtt til messe i St Olav sundag kl. 18.00

Leave a Reply

Your email address will not be published.