Flyktningebarnet

I mørkret vart Jesusbarnet fødd. I mørkret song englane. I mørkret fann gjætarane fram til stallen. I ly av natta lurte vismennene seg heim att. Mørkefyrsten Herodes var på banen.

På Guds vegar er også liding. Straks Messias er fødd, skrur Herodes-riket opp kampen mot Gudsriket.  Mot vondskapen er ikkje nok med korkje fredsbevarande styrkar eller antidepressiva. Lovprisinga i Betlehemsnatta vert stadig akkompagnert av Ramaskrika frå valden og uretten.

Men Gud går uventa fram. Vismennene og Josef fekk draumar. I eit reint hjarte som er innstilt på lytting og  er ope for Gud, kan han gjere seg gjeldande.

Kva tenkte Maria om massakrane i Betlehem? Ho sa ja til lidingane som kom i hennar veg. Og ho bar også med dei andre. Som vi er kalla til.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.