Fastetid: Guds tankar og mennesketankar

 

‘Skandalon’ er det greske ordet for Peters opptreden på vegen opp til Jerusalem.  Heilt sidan ormen i Paradiset freista menneska med suksess, har freistingane gått i arv.  Å falle i freisting er ei skandale for den det gjeld. Enno meir for den som går utanom og ikkje tek oppgjeret i etterkant.

Å falle i freisting er å synde mot Gud. Den som ikkje bed om tilgjeving, får det heller ikkje.

Peters mennesketankar var meint å spare Jesus for smerte. Kor alminneleg. Kor ofte handlar ikkje det som vert kalla det gode livet om det lette og behagelege. Å gjere steinar om til brød for ein svolten eller hoppe frå tempeltaket utan hangglidar for å imponere. Det ville vere å gå utanom, å velge det behagelege istadenfor å kjempe mot freistinga.

Mennesketankar er alltid rimelege og sympatiske. Utfordringa er istaden å øve opp sansane for det Gud vil.

Meir om det i messa på 1. sundag i faste, 11. februar kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.