Exit Benkebladet

Alt har si tid. Benkebladet for St Olav misjon i Ålesund har hatt snart 14 år. Mest som meldingsblad om messefeiring og arrangement. Ispedd refleksjonar om tidsånd, fortid og framtid.

I desse dagar kjem ut fyrste nummer av eit kvartalsblad for Den nordisk-katolske kyrkja. Det vert distribuert gjennom kyrkjelydane og vil også vere tilgjengeleg på nettet. I neste fase vil det meste av Benkebladet sitt stoff bli å finne der.

Ei mindre ambisiøs mail-meldings-teneste med viktig lokal informasjon om livet som er knytt til St Olav kyrkje, vil halde fram frå Benkebladet sin redaksjon.

Dei som er interessert i å få denne i mail-innboksen sin, kan seie frå til denne adressa: ottar.myrseth@gmail.com

I fyrste utgåve av Benkebladet (nov 2001) inviterte vi til messefeiring i eit garasjekapell. Vi vende oss i Garborgsk ånd til ‘småfuglar som flyg mot rute og vilde gjerne inn’. Vi tilbydde ein heim for heimlause småfuglar, og somme av dei har funne vegen inn. I tru på at Faderen sørgjer betre for dei enn for Salomo i all sin herlegdom.

Etterkvart vert fuglen til småsporven som ‘gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå og hev så god ei une og lær åt katten grå’. Slik er den sunne kristne livshaldninga. Ingen katt, eller djevel for den del, kan rive småfuglar ut av Guds hand.

Benkebladet sin ring er slutta. Men tippe korn og ribbe strå held vi fram med. Med messefeiring på sundag og utdeling frå Guds store korn-reservoar i grupper og på kvardags-samlingar.

Vel møtt, småfuglar!

Leave a Reply

Your email address will not be published.