Et, drikk og ver glad!

Sunn fornuft er sjeldan stabil. Det kjem lett mentalitets-forskyvingar. Det var ei tid då fyndordet ‘gudsfrykt med nøysemd’ gav god gjenklang i ålmenn fornuft.  Idag kan misjonsforeiningar ta svipptur i haustferien til misjonsfelt som bandt misjonærar til seg i årevis for berre ein generasjon sidan.

Siste mote skal vere ‘conspicuous consumption’ – ‘iaugefallande forbruk’. 

Men kan nøysemd vere nødvendig? Kan Gud meine at eit enkelt liv utan unødige påkostnadar og eksotiske erfaringar er godt? Sidan syndefallet har mennesket gjort sitt eige begjær og sin eigen forstand til høgaste gode. Men det dei trudde var gleda, enda i ulukke og katastrofer.

Jesus gav slagordet ‘et, drikk og ver glad’ eit nytt innhald. Han velsigna brødet og vinen og bad dei ete og drikke hans lekam og  hans blod, som han gav for oss. For at vi ikkje skulle ete og drikke oss til døde, men leve som han og ha del i hans evige liv. Det står om livet.

Meir om det i kyrkja på den rike bonden sin sundag. St OIav kyrkje 3. juni kl. 18.00.

Leave a Reply

Your email address will not be published.