Epifania: “Me har og den same stjerna”

Julestemning kan vere forføreriske greier. Komande sundag openberrar eit møte med ’reality’ som kompletterer julestemninga. Midt i forteljinga står tre vismenn som fylgjer stjerna.
Men lyset tent i Betlehem møter mørkret. Og mørkret tok ikkje imot det, så englesongen glei over i rama-skrik. Slik er den verda Herren vart fødd inn i.
Gud kallar menneske på mange måtar: Astronomi like vel som pandemi og andre kriser. Når Gud tenner ei Betlehemsstjerne, gjeld det å bryte opp. Men alle som vandrar med Gud, må vere på vakt. For Herodes er til alle tider utfordra av Kristus og vil øydelegge den sanne Kristus-tilbedinga.
Vismennene sin visdom viste seg i at ’dei tok ein annan veg heim att til landet sitt’.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 18 (Mrk tida).

Leave a Reply

Your email address will not be published.