Eau de Vie

Vi lever i ei tid  då menneske igjen vedkjenner seg den åndelege tørsten. Menneske opnar seg for Gud, for Kristus, idag som dei ikkje har gjort på mannsaldrar. Dei tyrstar og dei veit det.

Gud kan dei berre nå om dei opnar seg for han. Men brunnane finst der kjelda med levande vatn flyt rikeleg. Og der er brunnkantar der den som har tid, kan sitje ned og møte dei i samtale.

Spørsmålet, trongen, tørsten, lengten er der. Eg brukar elevane mine som barometer. Det gir eintydige utslag. Det er ikkje sjenanse for Gud. Ikkje frykt for Jesus. Alle genuine åndelege erfaringar vert verdsette.

Ved Jakobsbrunnen der heile Guds frelseshistorie vert nærverande, handlar det om oppgjer og lengt. Når fundamenta sviktar i det moderne livet og menneske berre må snakke sant, då vert det opningar for Jesus. “There is a crack in everything, but that’s where the light comes in,” syng Leonard Cohen.

Mennesket kan nå sitt fulle verd når det finn tilbake til sitt opphav, til Skaparen og Frelsaren. Og det startar gjerne med den hl Augustin si bøn: ”Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg til det finn kvile i deg!”

Leave a Reply

Your email address will not be published.