«D’er langt sør til Betlehem.»

 

Det var det for Josef og Maria og. Enno lengre for Jesus. Vegen er lengre frå himmelen til Betlehem enn frå Betlehem til Golgata.

Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss. Han som fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar dei arvelause.

Vegen til Betlehem endar for oss ved altarbordet. Her er Kristi krubbe. Altarduken er sveipet han vart tulla inn i.

«Kom, la oss gå med stille sinn / som hyrdene til barnet inn.»

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje juledag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.