Gud er treeining

Dogmet om at Gud er treeining er der ikkje for å forklare, men for å fasthalde. Gud er slik. I Skrifta og i den apostoliske trua. Gud skal ikkje forenklast, forflatast eller forklarast. Dogmeg vernar om mysteriet.

Gud er éin. Han er Faderen som føder Sonen, Sonen som er fødd av Faderen, og Anden som går ut frå Faderen.

Dette er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Han som møtte Moses i tornebuska. Han som profeten Jesaja og apostelen Johannes såg på kongsstolen i himmelen. Han som ved Anden vil bu i våre hjarte for åvitne med vår ånd at vi er Guds born.

Denne Gud greip mang ein gong inn i historia.  Han bryt gjennom også i vår tid då vi har vendt han ryggen. Sjølv om gudstrua er frustrert, sjølv om sekulariseringa har fortrengt Han. Ja, også om nordmenn fjernar krossen frå flagget, kan Gud nå oss.

Han inngår dåpspakt med menneske og lovar å verne og verje Kyrkja like til enden. Når vi lever i dette paktslivet, opnar mysteriet seg for eit menneske.

Meir om det i messa på sundag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.