Den heilge messa: Kristus og keisaren

Jesus står med biletet av keisaren i handa når han seier at keisaren skal ha sitt. Det er ei guddomeleg ordning. Men keisaren må også passe inn i bøna: «Lat Guds rike koma.» Om ikkje keisaren passar inn der, har han eit problem.

Det gjeld ikkje berre eineveldet sine kongar. Det gjeld også demokratiske folkeforsamlingar. Dei har forklaringsproblem når samfunnet legg til grunn at all makt går ut frå kongen eller frå folket, dvs. som diktatur eller som demokrati.

Då er det ‘tampen brenn’. Då vert vår lojalitet sett på prøve. Når keisaren vil vere den gud som eig jorda og alt det som fyller henne, når keisaren vil forvalte sanninga, då må vi velge side.

Vel møtt til messe på søndag, 22. etter pinse, kl. 11.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.