Den heilage messa

Neste messe i St Olav kyrkje vert sundag 11. februar, fastelavnsundag. Denne sundagen endar før-fasta, og komande onsdag er oskeonsdag. I sentrum står kjærleiken som har brulagt den vegen Gud går i møte med oss menneske. Gud vert ein lidande tenar som fornedrar seg heilt ned til dei lågaste menneske for å elske dei attende til seg. På vegen vert han avvist, jaga, fornekta, torturert og drept.

Berre dei som kjenner og erkjenner sin sanne status og posisjon, oppdagar han. Den blinde Bartimeus står som ‘all time’ symbol på det fornedra mennesket som gjennom alle sine handicap veit kven han sjølv er, blind tiggar, som difor bed om miskunn og mot alle odds får det han bed om.

Møte med Bartimeus i kyrkja sundag 11. februar kl. 11.00

Leave a Reply

Your email address will not be published.