Category: St. Olav misjon

Vil du bli frisk?

Neste messe i St Olav kyrkje er 13. sept kl. 11. Vi får besøk av fr Tom Hængsle som vil tale over evangeliet om den lame ved Betesda dam (Joh 5,1-14). Somme les evangelia berre som forteljingar frå langt tilbake. Johannes skriv evangeliet som mønster. Hendingane er historiske, men personane sprengjer sin individualitet, stadane sprengjer …

Continue reading

Stemnehelg i St Olav

Det tradisjonsrike laurdagsseminaret i St Olav gjekk av stabelen siste helg i august. Dette året med Kjell Arild Pollestad som foredragshaldar. Den velkjende pateren tok oss med inn i bibelomsetjaren si verd: «Guds ord det er vår fedrearv – kampen om bibelomsetjinga».Pollestad er vel halvvegs i arbeidet med si bibelomsetjing der han tek mål av …

Continue reading

Guds ord det er vår fedrearv

“GUDS ORD DET ER VÅR FEDREARV» – Kampen om bibelomsetjinga Dette er tema for samlinga i St Olav kyrkje laurdag  29. AUGUST kl. 12 – 15 Kjell Arild Pollestad held foredrag. Språkmektig forfattar, veltalande kåsør, hardtslåande debattant, populær turguide, renommert kokk, katolsk prest i unåde, omsetjar av islandsk, latinsk og gresk litteratur, no i farta …

Continue reading

Marias innsomning

Sæl er den velsigna moder / som deg under hjarta bar! Slik syng Elias Blix om Maria, ho som dei truande til alle tider prisar sæl. Utan henne ikkje noko Jesusbarn fødd som menneske. Og utan inkarnasjonen inga frelse for syndarar. 15. august er den årlege minnedagen for Marias innsomning. Det vil vi feire komande sundag. …

Continue reading

Guds økonomi

Ordet ’økonomi’ har vi fått frå gresk: oiokos = hus og nomos = lov/orden. God økonomi er å ha huset sitt i orden. Gud har sett oss til hushaldarar. Somme har fått mykje å halde styr på, andre mindre. Og ansvar deretter. Gud har ein plan med ditt liv, lagt av Han før verda vart …

Continue reading

Fromt forkledd falskneri

Falske profetar kan ha fine titlar: Forfattar, lærar, journalist, psykolog, PR-konsulent, doktor, politikar, prest. Jesus åtvarar imot eit spesielt hykleri: Det fromt forkledde. Jesus lyfter fram eit tvillingordpar «høyre» og «gjere». Når gjerning ikkje fylgjer ord og rota ikkje ber fram frukt på greinene, er tragedie eit faktum. Då er Guds motstandar på ferde. Han …

Continue reading

Olsok: Etterfylgjing

Helgenar er menneske av ulik slag, ulike raser, ulike utdanningsnivå og mentalitetar. Dei avspeglar at den himmelske nåden ikkje kan romast i ei type personlegdom. Helgenar er menneske av kjøt og blod, ikkje voksdokker, men gjort levande ved Guds nåde. Dei har teke krossen sin opp og blitt etterfylgjarar, tvetta i Lammets blod, forma av …

Continue reading

Og merket det stend …

Biskop-elekt Ottar Mikael Myrseth, kunstner Magne V. Kristiansen og hytteeier Sølvi Heggem Lundin ved korset som ble viet i anledning Persok-messe på Brønnsletta. Foto: Asbjørn Eikenæs «Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa.» Disse ordene står på monumentet over Per Sivle og leser vi …

Continue reading

Persok

Etter tradisjonen leid apostlane Peter og Paulus martyrdøden i Rom under keisar Nero på 60-talet. Peter krossfest på ein arena ved Vatikanet, med hovud ned ettersom han ikkje rekna seg verdig å døy på same måte som Herren. Over grava står Peterskyrkja. Hans apostelattributt er himmelriks-nøklane. Som romersk statsborgar vart Paulus halshoggen. Over grava står …

Continue reading

Kom og sjå!

Kristen misjon har gjerne foregått etter formelen «Gå ut i all verda». Men dei fyrste Jesu læresveinar fekk dette kallet: «Kom og sjå!» Idag treng Kyrkja meir enn på lenge å vere ein slik stad. Gud har liksom gått ut på dato og kulturen vår prøver å legge kristendomen bak seg. Vi snakkar om ein …

Continue reading